Skip to main content

Debatt

Mitt Haukeland

Boka Badstufolk er skrevet Knut Lerhol og Hallgrim Børhus Rogn.
BLE HØRT. Operasjonen ved Haukeland Universitetssjukehus ble en svært positiv erfaring for skribenten. Foto: Flickr/ Haukeland Universitetssjukehus

Sjeldan kjenner ein seg vel meir usikker, engsteleg og liten, enn når ein vert rulla nedover sjukehuskorridoren på veg til operasjonsstova. Kva skjer med meg no?

Av Jan Erik Hagesæter – fylkesleiar Hørselsforbundet Vestland

Sjeldan er behovet for god og tilpassa informasjon større, enn ved sjukehusinnlegging. Ja, under heile forløpet – før, under og etter behandlinga. Som pasient treng ein kanskje ikkje vite alt, men for dei fleste vil basisinformasjon, moglegheita til å stille spørsmål og få oppdateringar vera heilt essensielt og tryggleikskapande.

Ekstra bekymringer

Når slike som meg med store høyrselsvanskar hamnar i pasientrolla, melder det seg ei ekstra bekymring: Vil eg som høyrer så dårleg få med meg det som vert sagt av sjukepleiar og lege? Korleis skal eg kunne svare, gi adekvat respons eller stille spørsmål dersom eg ikkje oppfattar det som vert sagt eller berre brotstykke av bodskapen? Får eg ha på mine gode hjelparar høyreapparata heilt fram til operasjonsbenken? Utan dei er eg ganske lost.

Eg grua meg fælt til sjølve operasjonen på Haukeland Universitetssjukehus, som innebar fire timar i narkose, men også  til alt orket som ville koma i tillegg av å høyra dårleg. Då er det kjekt å kunne stadfesta i etterkant at mange av mine bekymringar vart gjort til skamme.

Viktig registrering

Eg har lært meg at openheit om eige høyrselstap i møte med lege og anna helsepersonell er viktig og grunnleggjande for god kommunikasjon. Det vises ikkje utanpå oss at vi høyrer dårleg. Difor pleier eg å starte med å informere om at eg høyrer dårleg og at det er viktig at du ser på meg og snakkar høgt og tydeleg. Dette fungerte godt under førebuande samtalar med kirurg. Eg fekk god informasjon og kunne spørje om alt eg ville ha svar på.

Eit anna viktig råd er å registrere seg på helsenorge.no som «høyrselshemma» under pasientopplysningar. Då ligg denne opplysninga i primærjournalen din som eit særskilt omsyn og som informasjon til ulike helsepersonell som skal følgje deg opp.

«Kan eg ha på meg høyreapparat?»

Sjølv om eg hadde fått vite mykje i forkant, var informasjons- og kommunikasjonsbehovet der heilt fram til inngrepet skulle skje. Då tida var komen for å bli rulla frå sengeposten til operasjonsstova, snakka eg med sjukepleiaren som skulle stå for transporten om den neste bekymringa mi: «Kan eg ha på meg høyreapparat inn på operasjonssalen?» Eg hadde med meg den vesle boksen der høyreapparata bur når dei ikkje er i bruk. Boksen var merka med namn, adresse og telefonnummer. «Eg er livredd for å mista dei. Det vert eit helsikens styr dersom det skjer, med forsikringssak og lang ventetid på nye.» Eg kunne lagt til auka utanforskap og isolasjon i kvardagen.

«Eg synes du skal ha høyreapparata på heile vegen fram til du får narkose!» sa sjukepleiaren til meg. Det kan vera viktig informasjon frå anestesisjukepleiar og lege som du bør få med deg. Så legg du apparata i boksen. Vi skal passe på dei for deg». Fantastisk, tenkte eg. Ho har forstått det! Eg tok sjansen, sjølv om eg var innstilt på å pakke apparata i baggen og låse dei inn i skapet på sengeposten der eg skulle tilbake etter operasjon og oppvakning. 

Låg i boksen

Så vart eg trilla av garde og lagt på operasjonsbenken med høyreapparata på plass der dei burde vera.   For ein som aldri før har fått narkose, var det godt å få kort og konsis informasjon om kva som straks  skulle skje. No kunne eg ta inn og respondere på informasjon heilt fram til narkosemaska skulle på plass. Eg la apparata i boksen like før eg forsvann inn i draumeland og den vart plassert på eit lite bord rett ved sida av operasjonsbenken.

Etter fire timar vart eg vekt opp og fekk melding frå ein smilande grønkledd om at alt hadde gått etter planen. I ørska strekte eg handa ut mot bordet; og jammen låg ikkje boksen der! I ettertid har eg tenkt at dette var mitt  Haukeland.


NRK igjen

Av Henrik A. H Kløven, pensjonist, fhv. offiser, byråkrat, radiomann og politiker

Jeg skriver vedrørende det Berulf Vaagan er inne på i Din Hørsel nr. 1/2026.

Det meste han skriver, spesielt i forhold til NRK, kan jeg si meg enig i.

Derfor nøyer jeg meg med å komme med noen suppleringer. Jeg sendte en henvendelse til den forrige kringkastingssjefen og fikk til svar at mine synspunkter er oversendt til rette vedkommende i organisasjonen.

Jeg ble noe forundret da Din Hørsel framhevet Ingvild Bryn som det gode eksempel. Det er mulig hun har god diksjon og artikulasjon, men i mitt høresvake miljø er ikke alle begeistret for henne. Dette kan antakelig skyldes hennes bruk av nynorsk. Nettopp dette er vel så «tøtsji» at det knapt skal nevnes. Jeg må bare være ærlig og si at noen vestlandsstemmer med nynorsk tale irriterer meg kraftig. NRK er pålagt 25 prosent nynorsk i sine sendinger, men knapt 10 prosent av befolkningen bruker dette som sitt hovedmål. Når det til og med i en og samme sending blander disse to målformene, blir det forvirrende for mange, ikke bare de som har hørselstap.

Jeg benytter meg av teksting for hørselshemmede og får fjernsynslyden direkte inn på øret. Jeg har også redusert syn og har noen ganger vanskeligheter med å lese navn og tittel på skjermen. Lener jeg meg borttil skjermen for å få det med meg, er det borte på et blunk. Det må da gå an med litt større bokstaver, navn og tittel er essensielt for få meningen fullt ut.

Etter mitt syn ville det ha hjulpet om NRK fremmet søknad til Kulturdepartementet for å få redusert nynorskandelen til 10 prosent eller fjernet pålegget.

DEBATT OM NRK. Faksimile fra debattsiden i Din Hørsel nr. 1-2026.

Jeg skjønner at det noen ganger kan være problematisk å håndtere hovedinnholdet med tekstingen, men jeg skulle så gjerne slippe teksting over annen teksting.

For bortimot 40 år siden satt jeg sjøl i Kringkastingsrådet, men da hadde jeg ikke disse problemene. Jeg har klaget inn ovennevnte for dem, men ikke hørt noe. Hørselsforbundet må ikke gi slipp på dette problemet. Det er nettopp vi i godt voksen alder som er noe funksjonsnedsatt som er storforbrukere av blant annet NRK.

12. mai 2026


Bli medlem

Det er mange fordeler ved å bli medlem i Hørselsforbundet. Gjør som 70 000 andre, og meld deg inn i verdens største hørselsorganisasjon.


Mest lest: